torsdag, oktober 11, 2012

God natt på nytt rom i ny seng!

Daniel ha flytta ut av sprinkelsenga og opp i stor seng.
Var veldig gira på å "lalla" første kvelden. Og søvnen var like god i denne senga som den gamle!
Trur han var ganske stolt, ser det ikkje slik ut på bildet?
Då kan me gjera klar senga til vetle bror som kjem om 8 veke ;o)

søndag, oktober 07, 2012

Bakesøndag

I dag har dei eldste i huset bakt Nordlandskaker. Mmmmmm!
Supert å ha liggande i frysen til forskjellige anledningar ;o)
Medan deigen sto i kjøleskapet og godgjorde seg, tok me ein tur bort til Oldemor

 Oldemor har ein liten krakk som er kjekk å sitta på
No ventar me berre på kaffigjestene slik at me får prøvesmaka baksten.
GOD SØNDAG!

fredag, oktober 05, 2012

Tavle til Daniel

Daniel har flytta på nytt rom! Guten treng noko på veggane. Difor har eg laga ei tavle.  Det er ei stor korktavle som eg har trekt med vatt og stoff.
Den kan vera blank evt henga opp div. Lurer litt på om eg skal sy gardiner i samme stoff. Stoffet er det forresten Kjetil som plukka ut på "stoff og stil". Eg likte det kjempe godt!

bamsegenser og bukse i velur

No har eg fått sydd ein gensar og bukse til babyen i str 62 og ei bukse til storebror i str 92.
Litt stort, så det må nok ligga å venta ei lita stund før det kan takast i bruk. Neste prosjekt må vera noko som passar Daniel no. Kjekt å bruka det med ein gong!



 Blå velurbukse til den minste og svart til den største ;o)