søndag, september 20, 2009
onsdag, september 16, 2009
"Tradisjonelt, men ikkje kjedeleg"
Her er nokre vottar eg nettop har gjort ferdige. Oppskrifta er å finne på garnstudio.no. Der er masse kjekke gratisoppskrifter. Det geniale med desse er at dei er så lange at ein slepp problem med kald snø som snik seg inn på handledda. Eg har brukt smartgarn og pinne nr. 3.
onsdag, september 09, 2009
Tova sitteunderlag
Slummmmmreteppe :o)
---

Stort prosjekt! Tova slumreteppe (200x130 etter toving) Teppet er strikka i remser. Alt er strikka fram og tilbake i glattstrikk. Sydde saman remsene og tova på 40 grader. Til slutt festa eg canto-tråd med filtenål i dett ytterste lyse feltet. Eit utruleg varmt og godt teppe. Fint å gi vekk i gave, men det får bli ein an gang :o) Det har fått sin faste plass i sofaen vår og skal bli mykje brukt når vinteren kjem!

Akrylmaling- englar
tirsdag, september 08, 2009
Hald orden på strikkepinnane
Advent-ventetid
Fersk bloggar!
--------
Endeleg har eg fått meg blogg! Den har fått navnet "sissel sin handarbeids- og gledeskrok. Min store fritidssyssel er å driva med handarbeid. Har alltid nokre prosjekt liggande som eg tek fram no og då. Ved å ha lest på andre sine bloggar har eg fått tips og idear til kva eg kan lage. Kansje kan mi side bli til inspirasjon for andre? :o) Eg kjem til å legge ut bilete av diverse handarbeid og andre smågleder i kvardagen. Det går for det meste i strikking, toving, hekling og brodering. Har veldig lyst å læra meg lappeteknikk. Så dukkar det opp eit kurs i nærleiken så heng eg meg på det! Akkurat no er eg begynt å tenkja på julegavene. Kva er vel betre enn å setja seg ned ein haustkveld med strikket i hendene, varme frå vedovnen og god musikk!? Det kallar eg kvardagsglede...

Abonner på:
Innlegg (Atom)