søndag, september 20, 2009

Haust i Sogndalsdalen





Kjetil ein fin haustdag på Togga. Denne årstida byr på dei utrulegaste fargar!

onsdag, september 16, 2009

Mykje fint kan bli til av restegarn. Tova vottar av TOVEGARN.
Desse skal få fast plass under vindvottane :o)

"Tradisjonelt, men ikkje kjedeleg"

Her er nokre vottar eg nettop har gjort ferdige. Oppskrifta er å finne på garnstudio.no. Der er masse kjekke gratisoppskrifter. Det geniale med desse er at dei er så lange at ein slepp problem med kald snø som snik seg inn på handledda. Eg har brukt smartgarn og pinne nr. 3.

onsdag, september 09, 2009

Tova sitteunderlag

---

Godt og varmt sitteunderlag i naturfargar. Lett å bera med i sekken. Rillestrikk og tova. Filta på navn etter det er tova. Har planar om å strikka fleire slike. Fine å gi vekk i presang.

Slummmmmreteppe :o)

---


Stort prosjekt! Tova slumreteppe (200x130 etter toving) Teppet er strikka i remser. Alt er strikka fram og tilbake i glattstrikk. Sydde saman remsene og tova på 40 grader. Til slutt festa eg canto-tråd med filtenål i dett ytterste lyse feltet. Eit utruleg varmt og godt teppe. Fint å gi vekk i gave, men det får bli ein an gang :o) Det har fått sin faste plass i sofaen vår og skal bli mykje brukt når vinteren kjem!

Akrylmaling- englar

---




"For Han skal gje sine englar påbod at dei skal verna deg på alle dine vegar"' Har juksa litt med englane. Har brukt det ytterste laget av ein serviett og lagt oppå malingen.

tirsdag, september 08, 2009

Hald orden på strikkepinnane

---

Bilde 1) ikkje ferdig / Bilde 2) i bruk

Etui for strikkepinnar. Gjer det enkelt å halda orden på pinnane. Bakstykket er tova, dei lyse remsene er flettestrikk (ikkje tova). Tvinna ei snor som eg festa i den eine sida og knyter rundt. Kan og sy på hempe og knapp.

Jul- me feirar Jesu fødsel!

---






Å jul med din glede...!
Liten juleløpar med 5 hjerter på kvar side.

Advent-ventetid

---

"Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede..." Hekla løpar som eg gler meg til å ta fram att når me kjem til advent! Det er halve løparen som avbilda. Enkel og grei, berre stavar + kant rundt.



Akrylmaling




Her har eg prøvd meg på å male på lærret :o) Kjekt med maling!!

Fersk bloggar!

--------
Endeleg har eg fått meg blogg! Den har fått navnet "sissel sin handarbeids- og gledeskrok. Min store fritidssyssel er å driva med handarbeid. Har alltid nokre prosjekt liggande som eg tek fram no og då. Ved å ha lest på andre sine bloggar har eg fått tips og idear til kva eg kan lage. Kansje kan mi side bli til inspirasjon for andre? :o) Eg kjem til å legge ut bilete av diverse handarbeid og andre smågleder i kvardagen. Det går for det meste i strikking, toving, hekling og brodering. Har veldig lyst å læra meg lappeteknikk. Så dukkar det opp eit kurs i nærleiken så heng eg meg på det! Akkurat no er eg begynt å tenkja på julegavene. Kva er vel betre enn å setja seg ned ein haustkveld med strikket i hendene, varme frå vedovnen og god musikk!? Det kallar eg kvardagsglede...