I dag har eg og Bente bakt pirogar. Ikkje minder enn 70 stk!! Kjekt å ha i frysen, og greie å ty til når ein plutseleg får lyst på noko godt til kvelds. Pirog er innbakt minipizza med ketchup, pølse, ost og gulrot. Dei e knallgode! Oppskrifta har eg frå heimkunnskapsboka frå barneskulen. desse blir eg alder lei av.
Viser innlegg med etiketten baking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten baking. Vis alle innlegg
tirsdag, januar 10, 2012
onsdag, november 23, 2011
Pepperkake og Mozart!
Jammen vart det pepperkakehus i år og! Måtte prøva ut pepperkakehus-formene til jernia.
Noko som ikkje gav meirsmak. Tenkjer me satsar på gamlemåten til neste år, med papp mal som eg skjer ut skjølv. Men det var eit kjempe kjekt prosjekt! Storkoste meg i lag med søss!

Kjek å prøva noko nytt! Mozartkulene vart kjempe gode!
Oppskrift fann me på detsoteliv.no
lørdag, november 19, 2011
Ferskt brød ein fredagskveld,mmmmm!
Takk for god oppskrift Gøril!
Utruleg godt med ferskt brød med brun ost, og eit glas kald mjølk ein fredagskveld!
torsdag, desember 09, 2010
Pepperkaketun med hus og slede!
Om da ikkje bli husbygging pao ei stond, so bli da vertfall pepperkakehus! Her er årets byggverk som eg vart veldig fornøgde med ;o) Trur pepperkaker e da kjekkaste med heile julebaksten! Kosa meg med å baka, bli ikkje medriven av verken julestri, bakepress (7 sortar) eller førjulsvask. Her gaor da i akkurat passe tempo og me nyte adventstida!
torsdag, juli 22, 2010
Den store bakedagen!
Ska lova deg at kenwoodn og bakarovnen ikkje fekk stao i ro dinna dagen. Eg og søstao hadde nåken goe tima pao kjøken ;o) Me bjynte me pirogera (calzone), Bente fortsette med Orio-kaka og til slutt laga me dei fantastisk goe knekkebrøda (bestilt av svoger Jan Olav)

Me fekk til og med ein kaffigjest (Gunnhild) som godkjende bakverka.

Og her er dei populære knekkebrøda!

Me fekk til og med ein kaffigjest (Gunnhild) som godkjende bakverka.

Og her er dei populære knekkebrøda!
torsdag, juni 10, 2010
Heimelaga knekkebrød

Oppskrift på heimelaga super sunne knekkebrød ;o)
2 dl Havrekli
2 dl Kruskakli
2 dl Havregryn
2 dl Sammalt hvete grov
2 dl Linfrø
2 dl Sesamfrø
2 dl Solsikkefrø
2 ts salt
7 dl vann
Framgangsmåte: Ta alle ingrediensane i ein bolle og rør saman. Røra skal vera klissete. Fordel røra på to langpanne steikebrett. Trykk ut røra og bruk ein pizzaskjærer til å forma knekkebrøda. Strø over ønska topping som f.eks sesamfrø, solsikkefrø osv. Steikast på varmluft først i 45 min på 180 ºC . Deretter turkast på 100 ºC i 30 min med ovnsdøra på gløtt. Når dei er ferdigsteikt knekk du dei opp og legg dei på rist. Greit at dei vert kalde før dei vert oppbevart i plast/brødpose.
mandag, februar 08, 2010
Velsign vår mat o`Gud ;o)
torsdag, desember 17, 2009
lørdag, november 28, 2009
Når en pepperkakebaker...
b
Årets pepperkakehus ser slik ut og står til utstilling hjå svigers på Bømlo ;o) Eg og svigermor bakte og Kjetil vart med å pynta og smakte!! Julestemninga aukar på med slike huslige aktivitetar!
Årets pepperkakehus ser slik ut og står til utstilling hjå svigers på Bømlo ;o) Eg og svigermor bakte og Kjetil vart med å pynta og smakte!! Julestemninga aukar på med slike huslige aktivitetar!
onsdag, oktober 28, 2009
Bake og smakedag :o)

Eg og mamma har bakt Nordlandskaker i dag! Nokon måtte komma for å godkjenna baksten. Ekspertpanelet besto av bestemor og bestefar i dalen og bestemor på Hafslo. Dei var godt fornøgde! Men ingen var så fornøgd som mannen min:o)
Oppskrift Nordlandskaker (40 stk)
- 1 liter kefir
- 5 dl sukker
- 500 g sirup
- 4 ts hjortesalt
- 1 ts natron
- 2 kg kveitemjøl
- 300 g smelta smør
lørdag, oktober 10, 2009
Haustkakebakedag :o)
Kåra til beste eplekake i Sunhordland 2008
SÅ enkel og SÅ god! Mmmmm...!
Vert sjølvsagt best med Sommerred eple frå Sogn:)
2 egg og 2,5 dl. sukker rørt til eggedosis.
1 dl. mjølk og 100 gram margarin - skal kokast og avkjølast
3 dl. mjøl
1 ts. vaniljesukker
2 ts. bakepulver
Rulle eplebåtar i kanel og sukker
Steikast på 200 grader nederst i ovnen i 25 min.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






