fredag, august 31, 2012

Haustkos

Fann ei fin oppskrift i ei hobbybok eg har liggande "glade jul" av Birte Aartun. Ja, jul av alle ting. Er ikkje du begynt å tenkja på julepresangar kansje? Det kosar eg meg med for tida. 
Men dette vart til eiga stove, koselege lykter og blomsterpotte med hekla trekk.
Ellers har "sy baby/barneklær" basillen sneke seg innpå. Så får me sjå kva det bli utav det. Har vertfall kjøpt meg nokre oppskriftsbøker og bestilt litt stoff. 
GO HELG!

onsdag, august 22, 2012

Sommarminne!

Her er nokre kjekke øyeblikk frå sommaren.
Plasking i søla på Anestølen
 Busstur med farfar.
"vava, BUSS" blir nevnt kvar dag.
 Båttur på Bømlo
IS!!!
 Stranda i Solvorn
 Asfaltering er kjekt å sjå på!
Leikeland med Maren 
Sandkasse med jordbær! Naaaammm!
Fjelltur
 Bada i stampen
 Traktoren til bestefar er veldig stas! 

onsdag, august 15, 2012

Heildress til veslebror!

I desember blir Daniel storebror! Tenkte det passa med ein heildress sidan det er vinter. Så den er strikka i str 0-3 mnd ;o) Mønsteret fann eg i temahefte frå sandnes " det første året". Gler oss til å ta den i bruk! 
Vart litt garn til overs, så då vart det hue, sokkar og vottar på junioren og.

Her er både liv og røre!

Hm...ja, det er ca så lenge siadan eg har vore på bloggen, at eg måtte ha to forsøk for å skriva rett passord. Men det betyr slettes ikkje at det ikkje skjer ting. Her skjer mykje spennande både på hobbyfronten og ellers ;o)

I juni sendte eg endå ein kjole som vart barselgave til ei søt lita Margrete! Ho fekk me eit lite besøk av i august rett før ho skulle døypast på Veitastrond.