mandag, mai 31, 2010

Vognteppe til Maren

Vårt kjære tante/onkel barn kom til verda 23. mai. Medan me venta på ho vart dette lappeteppet til. Me fekk besøka ho i går, og det var stas! Ho er ei nydeleg jente!


fredag, mai 28, 2010

Nedvask av hytta!



Onsdag 26.mai var eg og mamma på Anestølen og vaska hytta. Medan me dreiv på kom første buføringsfylgje (J.O Selseng) No er det nesten klart til å flytta inn for sommaren :o) Geitene skal fram om ca ei veke.

Til å putte ting i...igjen:o)


lørdag, mai 22, 2010

Sirkelpung med hundemotiv


Då har eg laga endå eit etui. Denne gongen med hundemotiv. Tenkte ei hundeglad jente skulle få dette. Så får me sjå kva ho vil bruke det til ;o)

torsdag, mai 20, 2010

Spisebrikke


Inspirert av AnnAka "Grønne blomster". Men har ikkje fulgt oppskrifta slavisk.

mandag, mai 10, 2010

Kjærestevottar


Oppskrifta fann eg i julehefte frå sandnes (0115 idehefte). Kjekt å ha om vinteren ;o)

Middag frå havet


Kjetil lagde flott middag av kveite i dag! Det var godsaker!han gjer alt for å putte i meg fisk. Med potetstappe, bacon, purreløk og grønsaker var det rett og slett nyydeleg!

tirsdag, mai 04, 2010

Pakke i posten!!




I dag kom stoffa eg har bestilt + ei oppskrift på ein løpar. Utruleg kjapt levert!

Nytt prosjekt!


Denne løparen skal prøvast ut. Men med litt sprekare fargar tenkjer eg ;o) Har bestilt masse fine stoff på "lappeteknikk.no" som muligens kjem i posten i dag!! Klør i fingrane til å komma i gang! Oppskrifta bestilte eg hjå "quiltekroken.no"

Sirkelpung igjen...

Desse var så kjekke å lage! Blir nok fleire ;o)









søndag, mai 02, 2010

Hengekøye!!


ENDELEG har me fått opp den fantastiske hengekøya som me kjøpte i Brasil! Her er det plass til to (meg og pusen) Neida, det er ei dobbel hengekøye med plass til meg og mannen ;o) Ditta bli ein fine sommar!