Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten toving. Vis alle innlegg

torsdag, februar 10, 2011

Tova tøfler step by step


Tova tøfler av fritidsgarn, pinne 5,5. Nedanfor er framgangsmåten
på brettinga. Har brukt kun to fargar på desse, men det er i alt 8
kvadratiske ruter som vert sydd saman til ein tøffel. Kan mikse
og bruka så mange fargar ein vil.



onsdag, februar 02, 2011

Tova tøfler

So vart det eit par tova tøfler av restegarn (mesteparten av fritidsgarn og pinne nr 5,5) Enkle å lage! Strikka 6 kvadratiske ruter som eit langt skjerf(rillestrikk), så 2 til slik at det vert som ein L. Berre samansyinga som kan vera litt avansert ;o) Desse tova eg på 60 grader, men neste gong skal eg tova på 40 grader. Jepp!

mandag, januar 04, 2010

Tova hjerter


Tova hjerter til juletreet, til å henge i gardinene eller på ein lysestake kansje..? Eg har brukt raud ull og ei filtenål.

lørdag, oktober 10, 2009

Tova sitteunderlag



Oppskrift:
Ferdig tova: 42x34 cm
Garn: 4 buntar Fritidsgarn
pinne: nr 5,5

Legg opp 80 masker på pinne 5,5
Strikk rillestrikk, i alt 58 riller (eg pleier å strikke opp alle buntane så slepp eg restar)
Fell av.
Tovast "hardt" i maskin på 60 grader (gjerne med litt grønsåpe)
Strekk sitteunderlaget i fasong og legg til tørk.

onsdag, september 16, 2009

Mykje fint kan bli til av restegarn. Tova vottar av TOVEGARN.
Desse skal få fast plass under vindvottane :o)

onsdag, september 09, 2009

Tova sitteunderlag

---

Godt og varmt sitteunderlag i naturfargar. Lett å bera med i sekken. Rillestrikk og tova. Filta på navn etter det er tova. Har planar om å strikka fleire slike. Fine å gi vekk i presang.

Slummmmmreteppe :o)

---


Stort prosjekt! Tova slumreteppe (200x130 etter toving) Teppet er strikka i remser. Alt er strikka fram og tilbake i glattstrikk. Sydde saman remsene og tova på 40 grader. Til slutt festa eg canto-tråd med filtenål i dett ytterste lyse feltet. Eit utruleg varmt og godt teppe. Fint å gi vekk i gave, men det får bli ein an gang :o) Det har fått sin faste plass i sofaen vår og skal bli mykje brukt når vinteren kjem!