Viser innlegg med etiketten adventskalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten adventskalender. Vis alle innlegg

mandag, desember 26, 2011

24.desember

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!!
Klemmar frå Daniel, Kjetil og Sissel

lørdag, desember 24, 2011

23.desember

Vetla-julafta
I dag har me vore ein tur på julebutikken som er på nabogarden, sett på farmor pynta juletre og smakt på middagsglas for første gong ;o)
Farmor og farfar har ein kasse full av spennande leiker!
Onkel Lars Inge i uniformen sin


fredag, desember 23, 2011

22.desember



Pappa og Daniel etter leggetid

Me kosar oss på Bømlo. I dag har me vore og helst på Sondre Mæland. Da va ein goe gut da! Så har Daniel leika med Johannes. Noko han tykte var veldig kjekt! Me har vore t Sortland og handla to julepresangar til Daniel. Så no er me ferdige for i år!

21.desember


Daniel og Oldemor

Heng litt etter med desember innlegga mine ;o) Men det har sine årsaker.
Denne dagen gjekk med til mange "innombesøk" og reisa til Bømlo.
Før me reiste var me innom bestemor i barnehagen, så var det ein liten stopp på Kaupanger for å møta Randi Johansen. Så bar det avgårde til oldemor og oldefar på Voss. Der var me nokre timar og fekk god middag. Neste stopp var Maren og Tante Ann-Helen på Nesttun. Det var veldig kosleg! Siste stopp var Onkel Jomar og Tante Hilde. Me kom fram til farmor og farfar i 24 tida. Lang reisedag, men kjekt å treffa så mange! Og Daniel trivst i bilen!

tirsdag, desember 20, 2011

20.desember

No kjemme eg snart, farmor og farfar!!

19.desember




mandag, desember 19, 2011

18.desember

Tenn lys !
Nå stråler alle de fire lys for ham
som elsker alt som lever, hver løve og hvert lam.
Tenn lys for himmelkongen som gjeterflokken så.
Nå møtes jord og himmel i barnet lagt på strå.

søndag, desember 18, 2011

17.desember


Julesong 2011 i Solvorn

I år bestemte eg meg for å vera med i julesong. Mykje på grunn av at det er ein fin ting å vera med på i adventstida og mykje fordi eg er glad i å synga!
Me var ca 60 songarar og eit flott band. Me har hatt tre øvingskveldar. I dag var den store konsertdagen med øving på formiddagen, julemiddag på Lyngmo og to konsertar på kvelden. Det var fullsatt kyrkje på begge konsertane.

Kjetil har vore på Lyngmo og laga julemiddag til heile denne gjengen + at det var julemiddag for ungdom på kvelden igjen. Travel dag, men det gjekk fint.

Daniel har kost seg heile dagen med Tante Bente og Onkel Jan Olav!Tusen takk for hjelpa!!

16.desember

Dagens aktivitetar:

Daniel sov til halv ni!
Frisør klokka 10.00
Daniel var med tante Bente
Besøk hjå oldemor og oldefar
30 årsdag til Øystein Urnes! HIPP HIPP HURRA!!

torsdag, desember 15, 2011

15.desember

Førjulsbesøk hjå Oldemor

Kvart år før jul pleier heile familien å samlast hjå oldemor (på snart 101 år)
I år var det meg, Kjetil, Daniel, Bestemor og Bestefar.
Bestemor dekka eit kosleg bord med masse god mat!
Oldemor tykte det var stas å sjå på Daniel som dreiv rundt på golvet eller sat på eit fang
Tante Inger og Onkel Per kom innom etterkvart på kaffi
Daniel kosar seg med graut

14.desember

Dagens aktiviteter ;o)
  • Overraska mannen med ferske rundstykker
  • Skypa med Hilde, Ståle og Sondre!!
  • liten tur innom senteret
  • tur til bestemor og bestefar (til Daniel) i dalen
  • strikka litt
  • skreiv til og fra lappar
  • observerer at Daneil endra åleteknikk. No er han av og til oppe på kne, og han brukar føtna meir til å koma seg fram.
  • Ein episode av "nissene over skog og hei"
  • Så var den dagen over

onsdag, desember 14, 2011

13.desember

Luciabaking og scrapping!
Jepp! For i dag har det vore juleverkstad i dette huset!
Randi og Gøril hadde med seg kvar sin dose kreativitet, og til saman vart me veldig kreative ;o)
Me sette ein bolle deig, og medan den heva seg lagde me "til og fra lappar" i mange variantar.
Lussekattane vart ikkje så verst dei heller, så dei koste me oss med i pausen.
Til slutt fekk Daniel ein hårklipp.Tusen takk Randi!
Kjempe kosleg dag med desse to damene!


mandag, desember 12, 2011

12.desember

I dag har eg, Daniel og tante Bente våre i fjøra og gjort oss (nesten) ferdig med presangane til jul!
Etterpå reiste me til oldemor og oldefar.
Tante Bente og Oldemor hadde nemleg ein avtale, dei skulle baka lefser.
Dette beviser på nytt at det er fleire som har fått del i bake-gena til bestemor :o)
Oldefar var fornøgd med å sitja å sjå på!

søndag, desember 11, 2011

11.desember


GRATULERA alle med navnet DANIEL med NAVNEDAGEN!!
Gutenavnet kjem frå det hebraiske navnet Daniyel som betyr " Gud er min dommar"

Etter eit kosleg helgebesøk vinka Daniel "hadet" til farmor og farfar. Dei skulle videre til oldeforeldra på Voss og eit stopp på Nesttun hjå Maren ;o) Me har hatt ein roleg søndag heime. På ettermiddagen gjekk me ein trilletur. Det snøa og var ganske stemningsfullt!

lørdag, desember 10, 2011

10.desember

I dag har eg og Kjetil hatt årets første dag i skitrekket!
Da va rett og slett fantastisk!! Opptimal og urørt puddersnø og god stemning
Daniel har kost seg med farmor og farfar

Me har fått hengt opp heile tre bilder på veggen i dag. TTT (Ting tar tid)
I adventskalendaren i dag fekk me eit hjarte frå perfect home-sjå biletet
Til kvelds mekka me biffsnadder, mmmm!

fredag, desember 09, 2011

9.desember

Det har blitt lite av hobby-innlegg i det siste. Men så er det jo snart jul og så...
Ikkje alt kan røpast
Men no har eg strikka eit par til med sokkar til Ingvill ;o)
Kom så fin bestilling, så då må me trø til slik at jenta vår held seg varm og god å føtna!
No er me snart klar til julemiddag på Lyngmo!

torsdag, desember 08, 2011

8.desember

I dag har me våre på siste småbarnstreff før jul. Masse kjekke folk!
Etterpå tok Daniel seg ein laaang lur. Spørs om han har planar om å rangla i natt (slik han gjorde med Pappa forrige natt) Bestemor og Bestefar i dalen var ein liten tur innom.
Og når Daniel vaknar i morgon så er jammen Farmor og Farfar komne frå Bømlo og!!
Fekk så lyst på noko god, så det vart ein søt deig på kveldinga.

7.desember

Ut i skogen, ut i skogen
hogga ved, hogga ved
fryyysa på føtene, fryyysa på føtene
springa heimatte, springa heimatte
(regla som Daniel lika)

Eg ha ikkje våre i skogen, men kaldt på føtn ha da våre!
Da va herle å setta seg i gostolen med føtna høgt framfor ovnen!

Seinare på dagen fekk me kosle middagsbesøk, Elin, Odd, Helene og Oliver
(Middagsbesøket var forresten som "pakke" i adventskalendaren frå Elin til Odd, Lurt!)

tirsdag, desember 06, 2011

6.desember

Eg og Daniel tok turen i dalen i ettermiddag og skal overnatte til i morgon. Men denne gongen søv me i det nyaste huset på garden. Håpar me søv like godt her borte ;o) Eg og Bente har brukt kvelden til å baka litt. det vart laga julebrød (til Bente, eller var det Jan Olav..;o), vørterbrød (til meg) og havredrømmer til begge. No rekk eg ei lita stund med strikkepinnane medan eg ventar på at vørterbrødet skal steika seg ferdig. Så blir det vel senga neste.

Havredrømmer

Vørterbrød til etterheving

mandag, desember 05, 2011

5.desember

I dag har eg og Daniel hatt besøk av tante Bente. Da e alltid kjekt! Veldig fornuftig å bruka mandagsfrien med oss ;o) Då vart det tid til litt baking og. Det blir ikkje så mykje turre kaker i dette huset i år. Men litt julesnop og julegjærbakst har me tenkt å prøva oss på. I dag vart det julekake(sto det i oppskrifta) eller julebrød som me kallar det, og nokre ristoppar i all enkelhet med hjelp frå møllerens.
Julebrød,mmmmm!
ristoppar
Daniel les om den lille larven Aldrimett