onsdag, mai 16, 2012

Kjole til Marte

Det vart ein strikka presang i dåpsgave til tantebarnet, Marte ;o)
Har strikka denne kjolen nokre gonger, i både rosa og lilla.




Genser med raglandsfelling

Har strikka ein stripete barnegenser av nille-garn.
Den ligg ferdig innpakka og ventar på den rette anledningen ;o)



fredag, april 27, 2012

BESTEFAR 60 ÅR!

 HIPP HURRA FOR BESTEFAR SOM ER 60 ÅR!
(Her er nokre gode øyeblikk)
KLEM FÅ DANIEL

onsdag, april 04, 2012

1 ÅR!

Beste guten e 1 år i dag!!
GRATULERA MED DAGEN DANIEL!!

mandag, april 02, 2012

Tunika

Då var to stk Marius-tunika strikka og gitt bort!
Kjekt mønster i Sandnes garn sitt "til fjells" men har strikka det i dale babyull.

onsdag, mars 07, 2012

vinterferie på Bømlo

I slutten av februar tok me ei lita ferieveke på Bømlo hjå farmor og farfar.
Her møtte me nydeleg vårvær.

tirsdag, februar 14, 2012

Korleis var det no igjen?!

Guten som både krabbar, røyser seg etter ting og går rundt bordet
kom borti noko merkeleg her ein dag
Løgnaste! Pappa la meg på golvet, og no kan eg ikkje hugsa korleis eg skal komma meg opp. Sit-ups metoden funka lite. Eg får vel ligge her til pappa finn ut at han vil ta meg opp att. Eller, best å seie ifrå at eg ligg her. Vrææææl!

Ikkje lenge etter...
Her viser eg fram klatreferdigheitene mine

fredag, februar 10, 2012

Tunika i Marius-mønster

Nåken skal få seg ein ny kjole ;o)
For tida kosar eg meg med dette prosjektet!
'

Spisebrikker og pose til t-lys




Prosjekt LØKRINGAR

I måro skal me i bryallaup til Siri Birgitte og Jon Torjus. Det gler me oss veldig til! Det blir tapas fest. Alle gjestene har fått i oppdrag å ta med seg noko etande. Me fekk i oppdrag å ta med løkringar. Det har me alder laga før, så i går måtte me testa det ut. Me fann ei oppskrift på friterte løkringar på "matoppskrift.no. Her er resultatet, og dei vart gode ;o)


torsdag, februar 09, 2012

HURRA FOR TO PÅ 60!

Når nåken bli 60 ska da feirast! Mamma runda 60 i januar og Pappa bli da i april. Første helga i februar reiste heile familien; Mamma, Pappa, Bente, Jan Olav, Jomar, Hilde, Kjetil, Daniel og meg til Gol. Me tok inn på Pers. Me storkoste oss heile gjengen, med god mat, plasking i basseng, bowling og masse avslapping. Nåken (les: jubilantane) naut ein time med velvære.

lørdag, januar 21, 2012

Hipp hurra for Oldefar!

Gratulera med dagen Oldefar!
Eg kjem på besøk etterpå!
Klem frå Daniel

tirsdag, januar 10, 2012

Bakedag med søss

I dag har eg og Bente bakt pirogar. Ikkje minder enn 70 stk!! Kjekt å ha i frysen, og greie å ty til når ein plutseleg får lyst på noko godt til kvelds. Pirog er innbakt minipizza med ketchup, pølse, ost og gulrot. Dei e knallgode! Oppskrifta har eg frå heimkunnskapsboka frå barneskulen. desse blir eg alder lei av.

Heimelaga julegaver og andre gaver ;o)

Litt hobbyarbeid har det blitt sjølv om det har vore stille på bloggen ei stund ;o)
I desember sydde eg to løparar som havna under juletre. Ein i Bergen og ein i Dalen.
Oppslagstavlene er blitt populære og havna på ei ønskeliste til jul (og under juletre). Så har det blitt ganske mange par med sokkar etter eg fekk bestilling frå Ingvill. Så no er Daniel varm og god på føtna og. Supert å få brukt opp litt restegarn!

onsdag, januar 04, 2012