Me har hatt ei innhaldsrik helg på Hafslo! På fredag var me i 8 årsdag til Ruben-Aron.
På laurdag var kjetil på topptur i sol og pudder med Jomar og Hilde, medan eg og gutane var på Lyngmo og prata med slekta som var komen for å feira Mor/bestemor/oldemor/tippoldemor. Laurdagskvelden feira me bestemors 102 årsdag med koldtbord og kaker. Det var fullt hus og god stemning.
Og i dag på Morsdagen åt me frukost med slekta på Lyngmo før me vende heimatt.
No har me kost oss med pizza, brus og fastelavensbollar! Resten av dagen blir avslapping med dei flotte gutane mine!
E soooo gla for å vera mamma t Daniel og Eivind!!
Gratulera med morsdagen!
Meg og 102-åringen
Soooo stor! Bestemor og Eivind
Gutane mine!!