fredag, oktober 28, 2011

God helg!

Klokka tikkar mot helg, og det er godt! Eg og Daniel har kost oss heime i dag. Første kvilen fekk Daniel i vogna. Og jammen trur eg me traff den største regnbyga som har vore i dag ;o) Andre kvilen sneik eg meg til ein time søvn eg og. Det gjer utruleg godt! Så lagde me middag til Kjetil kom heim frå jobb. I dag var det ome-lett-vint som sto på menyen. No har me gjort oss klar til basar på Lyngmo. Ynskjer alle som er innom bloggen min ei GOD HELG!


mandag, oktober 24, 2011

Betre look!

Kvifor ikkje gi tennbrikett-boksen ein litt betre look?
Limte på eit stoff eg hadde liggande og surra rundt silkeband.
Kjekkare å ha den ståande framme no ;o)
Enkelt julegavetips!

Flott haustdag!

I dag har eg, Daniel, Mamma og Bente vore på ein flott trilletur til Anestølen. Skikkeleg nydleg
oktoberdag og naturen synte seg med si flottaste haustdrakt! Me tok ein rast i hytteveggen med blåbærtoddy og appelsin. Daniel sov seg (nesten) gjennom heile turen.

tirsdag, oktober 11, 2011

Snart klar til 17.mai!

Fekk så lyst å strikke bunad til Daniel. No er nikkersen, vesten og den eine sokken ferdig.
Så må eg få tak i ei skjorte. Blir spennande å sjå om den passar når me er komne til mai (strikkar i str 1 år). Fann oppskrift i Sandnes sitt temahefte "bunader". Strikka i lanett. Bilete av bunaden skal eg legge ut når den er komplett!

søndag, oktober 09, 2011

Mmmmmm!

Daniel tykkjer det er heilt greitt med litt fleire smakar etterkvart.
Her kosar Daniel og farmor seg med graut. Det er tredje dagen han får graut, men ned går det!



Det er stor stas å ha farmor og farfar på besøk. Då blir det masse kos!
Været har vore veldig variabelt denne helga med sol den eine dagen og den første snøen den andre dagen.

mandag, oktober 03, 2011

Hand og fotavtrykk

Hand og fotavtrykk, Daniel 4 mnd

Det hender du blir litt lei deg
fordi jeg er så liten
Jeg setter merker alle steder
og gjør deg ganske sliten

Men hver dag blir jeg større
Ja,en dag blir jeg stor
Og alle mine avtrykk
blir bare svake spor

Her er mitt lille avtrykk
Så du kan huske og forstå
Hvor søte hender jeg hadde
den gang da de var små

Korktavle i omkledning

Korktavla frå loppemarknaden har fått ny look. Likte den betre slik ;o) Den har fått plass på det nye kjøkenet vårt. Prøvde å kopiere ei tavle eg såg på interiørbutikken "Josefine" på Gol. Vart ganske fornøgd med resultatet og den var veldig kjekk å lage.

1 stk korktavle
vatt
Stoff (lin)
10 meter hyssing/snøre/strikk
13 knappar
Stiftepistol