onsdag, oktober 28, 2009

Bake og smakedag :o)


Eg og mamma har bakt Nordlandskaker i dag! Nokon måtte komma for å godkjenna baksten. Ekspertpanelet besto av bestemor og bestefar i dalen og bestemor på Hafslo. Dei var godt fornøgde! Men ingen var så fornøgd som mannen min:o)

Oppskrift Nordlandskaker (40 stk)
  • 1 liter kefir
  • 5 dl sukker
  • 500 g sirup
  • 4 ts hjortesalt
  • 1 ts natron
  • 2 kg kveitemjøl
  • 300 g smelta smør





lørdag, oktober 10, 2009

Tova sitteunderlag



Oppskrift:
Ferdig tova: 42x34 cm
Garn: 4 buntar Fritidsgarn
pinne: nr 5,5

Legg opp 80 masker på pinne 5,5
Strikk rillestrikk, i alt 58 riller (eg pleier å strikke opp alle buntane så slepp eg restar)
Fell av.
Tovast "hardt" i maskin på 60 grader (gjerne med litt grønsåpe)
Strekk sitteunderlaget i fasong og legg til tørk.

Hauststemning på Hafslo!



Det er hauststemning både inne og ute idag :o)
Kjetil sit ute på verandaen og trekker inn rein og frisk haustluft, sola gjev frå seg utruleg med varme! Eg spring i skogen og tek bilete.. Det er frose på lyng og mark. Ei fin tid no vil eg påstå!
Snøen har lagt seg på toppane og varslar om ein ny vinter med mykje skimoro!

Haustkakebakedag :o)


Kåra til beste eplekake i Sunhordland 2008
SÅ enkel og SÅ god! Mmmmm...!
Vert sjølvsagt best med Sommerred eple frå Sogn:)

2 egg og 2,5 dl. sukker rørt til eggedosis.
1 dl. mjølk og 100 gram margarin - skal kokast og avkjølast
3 dl. mjøl
1 ts. vaniljesukker
2 ts. bakepulver

Rulle eplebåtar i kanel og sukker
Steikast på 200 grader nederst i ovnen i 25 min.