tirsdag, desember 28, 2010

Stoffpose i julegave

Det vart òg nokre stoffposar innpakka i år. Desse kan brukast til så mangt.
Men er veldig fine til å ha telys i f.eks



mandag, desember 27, 2010

Heimelaga julegaver

I år vart det lilla løpar til mamma.



Og ein grøn løpar til Svigermor


lørdag, desember 25, 2010

God jul til alle blogg-gjestene mine!

Ein frisk og god sparketur i 15 kuldegrader på julafta.
Ynskjer alle ei GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR!

Helsing Sissel og Kjetil



Stemningsbilete frå Dalen

onsdag, desember 22, 2010

Besøk hjå fam. Gunvordal i Oslo

I november hadde me to veker ferie. Den første veka gjekk turen til Oslo til Britt Eva, Kjartan og Ingvill. Me hadde ei avslappande og god veke med trilletur, babysang, loppemarked, dagstur til sverige, shopping til knøttet i magen, lunsjar på bakeri, strikking og masse meir! Ei aller tiders helg!


Det var farsdag og Britt Eva trylla fram den flottaste farsdagskake!


Ikkje alltid like lett å få sove, så litt bæring i selen og litt pianospel gjorde susen ;o)


Her er Mor og barn etter eit herleg bad!

torsdag, desember 09, 2010

Heil dress, lue og vottar frå nøstebarn

Første heimestrikka klesplagg til babyen som kjem i april!!! Oppskrift og garn er henta frå nøstebarn. Strikka til 0-6 mnd. Så satsa på den kan bli brukt litt før sommaren kjem.

Pepperkaketun med hus og slede!

Om da ikkje bli husbygging pao ei stond, so bli da vertfall pepperkakehus! Her er årets byggverk som eg vart veldig fornøgde med ;o) Trur pepperkaker e da kjekkaste med heile julebaksten! Kosa meg med å baka, bli ikkje medriven av verken julestri, bakepress (7 sortar) eller førjulsvask. Her gaor da i akkurat passe tempo og me nyte adventstida!

Inspirerande auksjonskveld/basar på Bømlo :o)

I november var me på basar og auksjon på Gilje bedehus. Foreninga til svigermor imponerte stort med enormt mange heimelaga ting. Eg har lagt min elsk på lappeteknikk og sikla etter denne adventsduken som me kjøpte på auksjon. Så måtte me jo ha matchande gryteklutar ;o)
Mykje inspirasjon å få denne novemberkvelden!