tirsdag, februar 14, 2012

Korleis var det no igjen?!

Guten som både krabbar, røyser seg etter ting og går rundt bordet
kom borti noko merkeleg her ein dag
Løgnaste! Pappa la meg på golvet, og no kan eg ikkje hugsa korleis eg skal komma meg opp. Sit-ups metoden funka lite. Eg får vel ligge her til pappa finn ut at han vil ta meg opp att. Eller, best å seie ifrå at eg ligg her. Vrææææl!

Ikkje lenge etter...
Her viser eg fram klatreferdigheitene mine

fredag, februar 10, 2012

Tunika i Marius-mønster

Nåken skal få seg ein ny kjole ;o)
For tida kosar eg meg med dette prosjektet!
'

Spisebrikker og pose til t-lys




Prosjekt LØKRINGAR

I måro skal me i bryallaup til Siri Birgitte og Jon Torjus. Det gler me oss veldig til! Det blir tapas fest. Alle gjestene har fått i oppdrag å ta med seg noko etande. Me fekk i oppdrag å ta med løkringar. Det har me alder laga før, så i går måtte me testa det ut. Me fann ei oppskrift på friterte løkringar på "matoppskrift.no. Her er resultatet, og dei vart gode ;o)


torsdag, februar 09, 2012

HURRA FOR TO PÅ 60!

Når nåken bli 60 ska da feirast! Mamma runda 60 i januar og Pappa bli da i april. Første helga i februar reiste heile familien; Mamma, Pappa, Bente, Jan Olav, Jomar, Hilde, Kjetil, Daniel og meg til Gol. Me tok inn på Pers. Me storkoste oss heile gjengen, med god mat, plasking i basseng, bowling og masse avslapping. Nåken (les: jubilantane) naut ein time med velvære.