tirsdag, januar 18, 2011

Voksejakke

Det var ei natt med lite søvn at tre oppskrifter frå nøstebarn vart bestilt. Blant anna denne artige voksejakken. Jakken blir strikka på tvers, kun rettstrikk (riller) for så å sy den saman i sidene og på toppen av hetta. Strikka den i str 0-8 mnd. Oppbrett på armane og den lange fasongen gjer at den kan brukas lenge. No skal knappane kjøpast og syast i, så er den klar ;o)

fredag, januar 07, 2011

Vognteppe

So var eg i mål med vognteppet til knøttet! Det har vore spennande undervegs, men eg er godt fornøgd med resultatet. Kjetil har våre delaktig i planlegginga og visste korleis han ville ha det. Så har eg henta litt inspirasjon frå andre vognteppe-makarar. Svart passar til både gut og jente, kanskje eg freshar det opp litt med ein farge når babyen er kommen. Har sytt to elefantmotiv, med attersting, som eg fann i ei bok eg kjøpte på sy og strikkebua og eit stykke med tekst "Jesus er kongen min Guds barn eg er" .



Mens vi venter!

Prøvde meg på eit hentesett frå Dalegarn (Dale babyull) Buksa ser ut til å måtta venta eit par mnd. men jakka, lua og sokkane ser passeleg ut til ein nyfødt.