tirsdag, mars 30, 2010

tirsdag, mars 16, 2010

Vottar med hjarte



Vottar med hjartemønster i eskimo-garn frå drops design. Til str. s brukte eg pinne nr. 7 og 8
Kan og laga kjærestevott. Oppskrifta fann eg på http://www.garnstudio.com/

mandag, mars 15, 2010

Kjøkenklutar


Handarbeid ein kan jobba med kvar som helst (lite tenking)
Og friske fargar til kjøkenet ;o)
Garn: Muskat/Petunia
Pinne nr: 3/3,5

Legg opp 57 masker på pinne 3
1.omg. 1r og 1 vr. gjenta ut omgangen
2.omg.rett over hele omgangen.
Gjenta desse to pinnane til nøste er brukt opp.

torsdag, mars 11, 2010

Skitur, soling og nye ski ;oP


Slik såg det ut på Anestølen ein fin dag i mars. Bilete er teke med mobilen


Avslapping på Tråna med Bente. Sat i solveggen, åt niste og strikka ;o) So måtte eg syna fram dei nye skia mine.

tirsdag, mars 09, 2010

Snellepose



Snellepose med hemmeleg lomme ;o) Lett og moro å lage!

Stoffposer


Vatt og to fskj stoff klyppes ut etter måla 42,5x26,5 Stryk fast vatten på baksida av det eine stoffet. Sy saman rette mot rette, men la det stå igjen ein opning til vrenging.

Brett saman rett mot rett og sy langsida. Sy saman botnen, gjer det same med motsatt kortside. Brett inn hjørnene og sy ein saum tvers over hjørnet 3 cm frå spissen. Klypp av overflødig stoff. Vreng posen gjennom holet. Sy ein kant rundt toppen av heile posen for å lukke kanten.





Kurshelg i lappeteknikk




Her er resultatet etter kurset eg var med på i Gaupne med Marit Elvekrok. Penal eller etui til ting og tang. No er grunnteknikken lærd, so no kan det bli mykje sying framover ;o) Utruleg moro!