Heimelaga kokosbollar! (NAM, NAM!)
Oppskrift frå "hjemmet"
Desse er verdt å prøva, og dei er supre å frysa dersom det
skulle vera nokon igjen ;o)
4,5 dl sukker
1,5 dl melis
1,5 dl kaldt vatn
1 eggekvite
1 vaniljestang
1,5 dl vatn
2 ss gelatinpulver
1,5 pose kokos
200 g sjopkolade
Ha sukker, melis, vatn og eggekite i ein bolle. Skrap frøa ut av vaniljestanga og bland i.
Koko opp vatn og rør i gelatinpulver til det er oppløst.
Tilset gelatinen i sukker og eggeblandinga.
Stivpisk blandinga i 20 min.
Dryss rikeleg med kokos i ei ca 15*20 form som er kledd med bakepapir.
Dryss kokos på toppen.
Set det kaldt over natta
Kvelv kaka på ein arbeidsbenk og kutt den i firkantar ca 3*3 cm.
Smelt sjokolade og drypp kvar snittflate i sjokolade og til sist i kokos.
KOK KAFFI OG KOS DEG!