Det kjekkaste av alt er nok skjerf som tante Bente har strikka til knøttet som kjem! (skal seieast at ho ikkje har strikka sidan vimplane ho strikka på ungdomsskulen, eller var det barneskulen?) Dette vart nett ikkje vimpel! Det er strikka av samme garn (nøstebarn) som til ein dress eg har strikka tidlegare og er lagt ut på bloggen.
Her er voksejakken som eg la ut på forrige innlegg, men med knappar. Klar til bruk! (Fotoapparatet juksar litt med fargen, men da ska snart gjerast nåke med!!)
Det var ei natt med lite søvn at tre oppskrifter frå nøstebarn vart bestilt. Blant anna denne artige voksejakken. Jakken blir strikka på tvers, kun rettstrikk (riller) for så å sy den saman i sidene og på toppen av hetta. Strikka den i str 0-8 mnd. Oppbrett på armane og den lange fasongen gjer at den kan brukas lenge. No skal knappane kjøpast og syast i, så er den klar ;o)
So var eg i mål med vognteppet til knøttet! Det har vore spennande undervegs, men eg er godt fornøgd med resultatet. Kjetil har våre delaktig i planlegginga og visste korleis han ville ha det. Så har eg henta litt inspirasjon frå andre vognteppe-makarar. Svart passar til både gut og jente, kanskje eg freshar det opp litt med ein farge når babyen er kommen. Har sytt to elefantmotiv, med attersting, som eg fann i ei bok eg kjøpte på sy og strikkebua og eit stykke med tekst "Jesus er kongen min Guds barn eg er" .
Prøvde meg på eit hentesett frå Dalegarn (Dale babyull) Buksa ser ut til å måtta venta eit par mnd. men jakka, lua og sokkane ser passeleg ut til ein nyfødt.
I november hadde me to veker ferie. Den første veka gjekk turen til Oslo til Britt Eva, Kjartan og Ingvill. Me hadde ei avslappande og god veke med trilletur, babysang, loppemarked, dagstur til sverige, shopping til knøttet i magen, lunsjar på bakeri, strikking og masse meir! Ei aller tiders helg!
Det var farsdag og Britt Eva trylla fram den flottaste farsdagskake!
Ikkje alltid like lett å få sove, så litt bæring i selen og litt pianospel gjorde susen ;o)
Første heimestrikka klesplagg til babyen som kjem i april!!! Oppskrift og garn er henta frå nøstebarn. Strikka til 0-6 mnd. Så satsa på den kan bli brukt litt før sommaren kjem.
Om da ikkje bli husbygging pao ei stond, so bli da vertfall pepperkakehus! Her er årets byggverk som eg vart veldig fornøgde med ;o) Trur pepperkaker e da kjekkaste med heile julebaksten! Kosa meg med å baka, bli ikkje medriven av verken julestri, bakepress (7 sortar) eller førjulsvask. Her gaor da i akkurat passe tempo og me nyte adventstida!
I november var me på basar og auksjon på Gilje bedehus. Foreninga til svigermor imponerte stort med enormt mange heimelaga ting. Eg har lagt min elsk på lappeteknikk og sikla etter denne adventsduken som me kjøpte på auksjon. Så måtte me jo ha matchande gryteklutar ;o) Mykje inspirasjon å få denne novemberkvelden!
Slik såg teppet ut FØR toving. Dette skulle bli eit slumreteppe til ein vaksen, men vart til.. ...eit fint kry(m)pe teppe ;o) Teppet er strikka i tovegarn, 7x9 ruter, la opp 36 masker på kvart kvadrat og strikka 56 omg. glattstrikk. Strikka i remser for å spare arbeid med å sy dei saman.