onsdag, november 30, 2011

Innevær!

I dag er det eit slikt vær at det ikkje blir lyst ute. Vind, regn, snø og grått.
Me nyt ekstra å vera inne då, med fyr i ovnen, tent adventsstake og julemusikk
No skal det ryddast litt før eg set meg ned med noko kreativt som skal
bli ferdig til jul. Og Daniel guten er klar for ein alder så liten kvil.

onsdag, november 23, 2011

Pepperkake og Mozart!

Jammen vart det pepperkakehus i år og! Måtte prøva ut pepperkakehus-formene til jernia.
Noko som ikkje gav meirsmak. Tenkjer me satsar på gamlemåten til neste år, med papp mal som eg skjer ut skjølv. Men det var eit kjempe kjekt prosjekt! Storkoste meg i lag med søss!
Kjek å prøva noko nytt! Mozartkulene vart kjempe gode!
Oppskrift fann me på detsoteliv.no


lørdag, november 19, 2011

Ferskt brød ein fredagskveld,mmmmm!

Takk for god oppskrift Gøril!
Utruleg godt med ferskt brød med brun ost, og eit glas kald mjølk ein fredagskveld!

Strikka-bunaden er klar!

Det er alltid like kjekt å komma i mål med eit prosjekt. (For då kan eg starte på nye. Neidå!)
Eg er kjempe fornøgd med bunaden til Daniel. No håpar eg berre at den passar til rett tid. Foreløbig ser det bra ut. Nedanfor er bilete av raud vest, svart og gul nikkers, sokkar og strømpeband. Den er strikka i lanett str 1 år. No manglar eg berre ei kvit skjorte.

mandag, november 14, 2011

Farsdagen


Da fedre ble til
var tanken ganske klar.
For fedre har noe i seg
som ingen andre har.

De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.

Derfor har vi fedre
og dersom du spør meg.
Den beste far i verden,
det er nettopp DEG.

søndag, november 13, 2011

verdens beste pappa!

Daniel hadde så lyst å gratulera dan goe pappaen sin med
farsdagen i dag!

DU E VERDENS BESTE!!!!
kos frå Daniel

fredag, oktober 28, 2011

God helg!

Klokka tikkar mot helg, og det er godt! Eg og Daniel har kost oss heime i dag. Første kvilen fekk Daniel i vogna. Og jammen trur eg me traff den største regnbyga som har vore i dag ;o) Andre kvilen sneik eg meg til ein time søvn eg og. Det gjer utruleg godt! Så lagde me middag til Kjetil kom heim frå jobb. I dag var det ome-lett-vint som sto på menyen. No har me gjort oss klar til basar på Lyngmo. Ynskjer alle som er innom bloggen min ei GOD HELG!


mandag, oktober 24, 2011

Betre look!

Kvifor ikkje gi tennbrikett-boksen ein litt betre look?
Limte på eit stoff eg hadde liggande og surra rundt silkeband.
Kjekkare å ha den ståande framme no ;o)
Enkelt julegavetips!

Flott haustdag!

I dag har eg, Daniel, Mamma og Bente vore på ein flott trilletur til Anestølen. Skikkeleg nydleg
oktoberdag og naturen synte seg med si flottaste haustdrakt! Me tok ein rast i hytteveggen med blåbærtoddy og appelsin. Daniel sov seg (nesten) gjennom heile turen.

tirsdag, oktober 11, 2011

Snart klar til 17.mai!

Fekk så lyst å strikke bunad til Daniel. No er nikkersen, vesten og den eine sokken ferdig.
Så må eg få tak i ei skjorte. Blir spennande å sjå om den passar når me er komne til mai (strikkar i str 1 år). Fann oppskrift i Sandnes sitt temahefte "bunader". Strikka i lanett. Bilete av bunaden skal eg legge ut når den er komplett!

søndag, oktober 09, 2011

Mmmmmm!

Daniel tykkjer det er heilt greitt med litt fleire smakar etterkvart.
Her kosar Daniel og farmor seg med graut. Det er tredje dagen han får graut, men ned går det!



Det er stor stas å ha farmor og farfar på besøk. Då blir det masse kos!
Været har vore veldig variabelt denne helga med sol den eine dagen og den første snøen den andre dagen.

mandag, oktober 03, 2011

Hand og fotavtrykk

Hand og fotavtrykk, Daniel 4 mnd

Det hender du blir litt lei deg
fordi jeg er så liten
Jeg setter merker alle steder
og gjør deg ganske sliten

Men hver dag blir jeg større
Ja,en dag blir jeg stor
Og alle mine avtrykk
blir bare svake spor

Her er mitt lille avtrykk
Så du kan huske og forstå
Hvor søte hender jeg hadde
den gang da de var små

Korktavle i omkledning

Korktavla frå loppemarknaden har fått ny look. Likte den betre slik ;o) Den har fått plass på det nye kjøkenet vårt. Prøvde å kopiere ei tavle eg såg på interiørbutikken "Josefine" på Gol. Vart ganske fornøgd med resultatet og den var veldig kjekk å lage.

1 stk korktavle
vatt
Stoff (lin)
10 meter hyssing/snøre/strikk
13 knappar
Stiftepistol


tirsdag, september 20, 2011

Når ein flyttar på eige rom...

Som alle små barn er Daniel glad i tryggheit. Ei natt etter at han flytta på rom åleine, fann me han sovande hand i hand med ape-bamsen. Dei passa på kvarandre.

fredag, september 16, 2011

Haust og buføring!

To happeninga ein berre må ha med seg; Den første er å fylgja geitene til støls, då er det sommar! Den andre er å ta dei med heimatt, då er det haust! Kjekt begge deler!
Anestølen viste seg frå si beste side i dag! Og det gjorde Daniel og Farmor og ;o)
Buføringsgjengen er klar!

Ein storbonde, ein mellom og ein minst ;o)
Kjetil og tøffe Ruben-Aron ;o)
Daniel og Farmor klappa geitene