tirsdag, desember 06, 2011

6.desember

Eg og Daniel tok turen i dalen i ettermiddag og skal overnatte til i morgon. Men denne gongen søv me i det nyaste huset på garden. Håpar me søv like godt her borte ;o) Eg og Bente har brukt kvelden til å baka litt. det vart laga julebrød (til Bente, eller var det Jan Olav..;o), vørterbrød (til meg) og havredrømmer til begge. No rekk eg ei lita stund med strikkepinnane medan eg ventar på at vørterbrødet skal steika seg ferdig. Så blir det vel senga neste.

Havredrømmer

Vørterbrød til etterheving

3 kommentarer:

  1. Så flinke!! Eg vil og bake, men her er det masteroppgaveskriving for alle penga. Æsj! Men kanskje du kan sende meg oppskriftene? Eller legge de ut på bloggen din - til glede for flere kanskje?

    SvarSlett
  2. Oppskriftene finn du på Tine.no ;o)Lykke til med skrivinga!

    SvarSlett
  3. Eg vil ikkje baka, bare smaka. ;)

    SvarSlett