--------
Endeleg har eg fått meg blogg! Den har fått navnet "sissel sin handarbeids- og gledeskrok. Min store fritidssyssel er å driva med handarbeid. Har alltid nokre prosjekt liggande som eg tek fram no og då. Ved å ha lest på andre sine bloggar har eg fått tips og idear til kva eg kan lage. Kansje kan mi side bli til inspirasjon for andre? :o) Eg kjem til å legge ut bilete av diverse handarbeid og andre smågleder i kvardagen. Det går for det meste i strikking, toving, hekling og brodering. Har veldig lyst å læra meg lappeteknikk. Så dukkar det opp eit kurs i nærleiken så heng eg meg på det! Akkurat no er eg begynt å tenkja på julegavene. Kva er vel betre enn å setja seg ned ein haustkveld med strikket i hendene, varme frå vedovnen og god musikk!? Det kallar eg kvardagsglede...
grattis søss!!
SvarSlettEg prøve virkele å bli inspirert, hehe!
Du e kjempeflinke!