lørdag, februar 05, 2011

Avslutta halvferdige prosjekt


I helga har eg fått avslutta nokre påbegynte prosjekt. Herleg å bretta saman og legga det i skap og hyller. Det eine er ein kjole som vart litt for liten til julegave. Fadderjentene våre Maren og Ingvill fekk kvar sin, den eine lilla og den andre var rosa. Ei lue vart til av restegarn frå nøstebarn. Blå kjøkenklut og til slutt ei korg som har fått plass på badet. Ser ut til at eg kan fortsetje å avslutte prosjekt. Er ikkje heilt i mål endå. Alltid så mykje kjekkare å begynne på nye ting..

2 kommentarer:

  1. So utruleg flink du e Sissel ! Sikkeleg husmor :D Har eit tips om kor du kan kjøpe knappa og sånt: nemeleg snellaogpetronella.no ! Dei har masse fine knappa med motiv, og med skrift ! :) Svigerinna mi (tottelotta.blogspot.com) er ivrig bruker av desse knappane, både til å dekorere plagg med, men og til bruk :) Og ein gang når ho sendte inn bilder av ting ho hadde laga og brukt knappane til, så fekk ho fleire tilsendt ! :) du får inn å kikke ! =) God helg ! =)

    SvarSlett
  2. Har fått ny stoff og stil-katalog i posten i dag...hadde vært gøy med en håndarbeidsdate snart. :)

    SvarSlett