søndag, desember 18, 2011

17.desember


Julesong 2011 i Solvorn

I år bestemte eg meg for å vera med i julesong. Mykje på grunn av at det er ein fin ting å vera med på i adventstida og mykje fordi eg er glad i å synga!
Me var ca 60 songarar og eit flott band. Me har hatt tre øvingskveldar. I dag var den store konsertdagen med øving på formiddagen, julemiddag på Lyngmo og to konsertar på kvelden. Det var fullsatt kyrkje på begge konsertane.

Kjetil har vore på Lyngmo og laga julemiddag til heile denne gjengen + at det var julemiddag for ungdom på kvelden igjen. Travel dag, men det gjekk fint.

Daniel har kost seg heile dagen med Tante Bente og Onkel Jan Olav!Tusen takk for hjelpa!!

1 kommentar: