fredag, november 09, 2012

Sjokoladefristelse

Heimelaga kokosbollar! (NAM, NAM!)
Oppskrift frå "hjemmet"
Desse er verdt å prøva, og dei er supre å frysa dersom det 
skulle vera nokon igjen ;o)

4,5 dl sukker
1,5 dl melis
1,5 dl kaldt vatn
1 eggekvite
1 vaniljestang
1,5 dl vatn
2 ss gelatinpulver
1,5 pose kokos
200 g sjopkolade

Ha sukker, melis, vatn og eggekite i ein bolle. Skrap frøa ut av vaniljestanga og bland i.
Koko opp vatn og rør i gelatinpulver til det er oppløst.
Tilset gelatinen i sukker og eggeblandinga.
Stivpisk blandinga i 20 min.

Dryss rikeleg med kokos i ei ca 15*20 form som er kledd med bakepapir.
Dryss kokos på toppen.
Set det kaldt over natta

Kvelv kaka på ein arbeidsbenk og kutt den i firkantar ca 3*3 cm.
Smelt sjokolade og drypp kvar snittflate i sjokolade og til sist i kokos.
KOK KAFFI OG KOS DEG!



2 kommentarer:

  1. mmm!! dei va nydle goe!

    SvarSlett
  2. Her blei da masse gris gitt!! Eg har røra øve heile meg, på kjøkkenbordet og sikkert andre plassa eg ikkje har oppdaga endå. E du sikker på du brukte form som va 15*20? Eg hadde masse røra te overs, og måtte te med andre provisoriske greier... ;)
    Når eg ska te å dyppa i sjokolade i måro, ska eg ha rett i kokosen etterpå? Eller venta litt? Og ka meine du med snittflata? De Der eg har skjert? Og ikkje på toppen eller bunnen? Dette va ikkje så lett som eg tenkte når eg satt i gang. Spesielt siden eg prøve å gjera da mesta sittande... ;)

    SvarSlett