torsdag, mars 03, 2011

Jakke frå nøstebarn

Finn så mange fine baby oppskrifter som eg berre MÅ prøve å strikke. Jakken er frå nøstebarn. Er så glad eg vart introdusert for nøstebarn (Takk Ann-Helen!) Skal det bli noko meir no, så trur eg det skjer på symaskina. No har eg lyst å finna oppskrift på trøye/genser til meg sjølv. Nokon som har ei kjekk oppskrift på det? Så har eg lova tova tøfler til mamma. Garnet er handla inn, så no set eg straks i gang. Ypperleg handarbeid framfor VM tv`n!

3 grøne hjerteknappar :o)
Eit lite sokkepar i fabel frå drops design.

Flanell sengtøy til bebisen!

Herleg flanell dynetrekk til vogn/vogge dyne. Det er heilt lyse grønt med mørkelilla hjerter.
Og den er allerede lagt på til dyna i vogna ;o)
Brukte oppskrift og mål som eg fann i boka "barn igjen"

søndag, februar 27, 2011

Symaskinprosjekt

Har prøvd meg på ei sparkebukse. Oppskrift frå stoff og stil. Må nok prøva meg på fleire, men i andre typa stoff. Denne er i fløyel. Ser for meg at dei er gode i velur :o)

Strikka bukse og sokkar

Finne stadig nye oppskrifter som må prøvast ut. Får vel ikkje brukt halvparten, men det er ikkje så nøye ;o) Er bere så kjekt å strikka små klær!
Denne gongen vart det ei bukse og eit par sokkar i garntypen Fabel frå Drops
Og oppskrift henta i bladet Drops nr 20
God bukse med god ribb i livet. Har strikka den i str 1-3 mnd (50-56) Så den skal den nyfødte få ta i bruk ganske kjapt. Ke mannen tykte om buksa? " Vakje fine, men stilig..."

torsdag, februar 10, 2011

Tova tøfler step by step


Tova tøfler av fritidsgarn, pinne 5,5. Nedanfor er framgangsmåten
på brettinga. Har brukt kun to fargar på desse, men det er i alt 8
kvadratiske ruter som vert sydd saman til ein tøffel. Kan mikse
og bruka så mange fargar ein vil.



tirsdag, februar 08, 2011

BESTEMOR I 100!

HURRA FOR BESTEMOR SOM ER 100 ÅR I DAG!!
Sitat Bestemor: So mykje styr, skulle tru da skulle vera ein store dag

Bestemor har feira med alle bebuarane på eldresenteret.
Her var både prest, ordførar og helsing frå kongen ;o)
Bestemor, Gøril og Kjetil på veg innatt i leiligheita.

Meg og mi spreke bestemor! På laurdag blir det
stor fest på Lyngmo med heile slekta.

mandag, februar 07, 2011

Trekk til kenwooden

Jippi! Endeleg har Kenwooden fått seg hus! Har hatt ein mal liggande i eit halvt år no. Kjempe enkel å lage. Kjøpte voksduk (ikke av den tjukkaste og glattaste typen) på jysk i dag og sydde den på null og niks. Den vart lilla sjølvsagt ;o) No skal malen sendast tilbake til eigaren! Takk for lånet mamma til Britt Eva ;o)


lørdag, februar 05, 2011

Avslutta halvferdige prosjekt


I helga har eg fått avslutta nokre påbegynte prosjekt. Herleg å bretta saman og legga det i skap og hyller. Det eine er ein kjole som vart litt for liten til julegave. Fadderjentene våre Maren og Ingvill fekk kvar sin, den eine lilla og den andre var rosa. Ei lue vart til av restegarn frå nøstebarn. Blå kjøkenklut og til slutt ei korg som har fått plass på badet. Ser ut til at eg kan fortsetje å avslutte prosjekt. Er ikkje heilt i mål endå. Alltid så mykje kjekkare å begynne på nye ting..

onsdag, februar 02, 2011

Tova tøfler

So vart det eit par tova tøfler av restegarn (mesteparten av fritidsgarn og pinne nr 5,5) Enkle å lage! Strikka 6 kvadratiske ruter som eit langt skjerf(rillestrikk), så 2 til slik at det vert som ein L. Berre samansyinga som kan vera litt avansert ;o) Desse tova eg på 60 grader, men neste gong skal eg tova på 40 grader. Jepp!

tirsdag, februar 01, 2011

Skjerf frå tante!

Det kjekkaste av alt er nok skjerf som tante Bente har strikka til knøttet som kjem!
(skal seieast at ho ikkje har strikka sidan vimplane ho strikka på ungdomsskulen, eller var det barneskulen?) Dette vart nett ikkje vimpel! Det er strikka av samme garn (nøstebarn) som til ein dress eg har strikka tidlegare og er lagt ut på bloggen.

Helårsjakke

Endå ei kjekk oppskrift frå nøstebarn! Denne gongen ei jakke i str 1 år!
Strikka med to tråds merinoull. Trur eg har att litt garn til ei hue og ;o)
Har sydd i nokre søte bamseknappar som ikkje syner så godt på biletet.

Knappane er på plass

Her er voksejakken som eg la ut på forrige innlegg, men med knappar.
Klar til bruk! (Fotoapparatet juksar litt med fargen, men da ska snart gjerast nåke med!!)

tirsdag, januar 18, 2011

Voksejakke

Det var ei natt med lite søvn at tre oppskrifter frå nøstebarn vart bestilt. Blant anna denne artige voksejakken. Jakken blir strikka på tvers, kun rettstrikk (riller) for så å sy den saman i sidene og på toppen av hetta. Strikka den i str 0-8 mnd. Oppbrett på armane og den lange fasongen gjer at den kan brukas lenge. No skal knappane kjøpast og syast i, så er den klar ;o)

fredag, januar 07, 2011

Vognteppe

So var eg i mål med vognteppet til knøttet! Det har vore spennande undervegs, men eg er godt fornøgd med resultatet. Kjetil har våre delaktig i planlegginga og visste korleis han ville ha det. Så har eg henta litt inspirasjon frå andre vognteppe-makarar. Svart passar til både gut og jente, kanskje eg freshar det opp litt med ein farge når babyen er kommen. Har sytt to elefantmotiv, med attersting, som eg fann i ei bok eg kjøpte på sy og strikkebua og eit stykke med tekst "Jesus er kongen min Guds barn eg er" .



Mens vi venter!

Prøvde meg på eit hentesett frå Dalegarn (Dale babyull) Buksa ser ut til å måtta venta eit par mnd. men jakka, lua og sokkane ser passeleg ut til ein nyfødt.