mandag, november 26, 2012

Lillebror

Velkommen til verda, Eivind!
3904 gram
51 cm
Søskenkjærlighet ved første blikk

tirsdag, november 13, 2012

stellematte

I dag har eg sytt nytt trekk til ei stellematte som var rakna i alle saumar. 
Med litt stoff frå jysk vart det ikkje så verst ;o)
Som mønster klyppte eg opp det gamle stoffet og brukte som mal.

søndag, november 11, 2012

Farsdag

Daniel vil gratulera pappaen sin med farsdagen! 
Du e verdens beste og eg e kjempe gla i deg!
Under er nokre bilete frå kjekke øyeblikk med pappa ;o)
(Tur på Bømlo, Anestølen, Fjelltur i dalen med fam Nesheim, Togga, leik med lastebil)
SOOOO KJEKT ME HA DA!






fredag, november 09, 2012

Sjokoladefristelse

Heimelaga kokosbollar! (NAM, NAM!)
Oppskrift frå "hjemmet"
Desse er verdt å prøva, og dei er supre å frysa dersom det 
skulle vera nokon igjen ;o)

4,5 dl sukker
1,5 dl melis
1,5 dl kaldt vatn
1 eggekvite
1 vaniljestang
1,5 dl vatn
2 ss gelatinpulver
1,5 pose kokos
200 g sjopkolade

Ha sukker, melis, vatn og eggekite i ein bolle. Skrap frøa ut av vaniljestanga og bland i.
Koko opp vatn og rør i gelatinpulver til det er oppløst.
Tilset gelatinen i sukker og eggeblandinga.
Stivpisk blandinga i 20 min.

Dryss rikeleg med kokos i ei ca 15*20 form som er kledd med bakepapir.
Dryss kokos på toppen.
Set det kaldt over natta

Kvelv kaka på ein arbeidsbenk og kutt den i firkantar ca 3*3 cm.
Smelt sjokolade og drypp kvar snittflate i sjokolade og til sist i kokos.
KOK KAFFI OG KOS DEG!



mandag, november 05, 2012

gensar til Daniel

Kjekt stoff å sy gensar av. Men eg er fortsatt litt dårleg til å treffa på rett str til Daniel. Så denne må nok òg ligge litt i skapet før den kan takast i bruk.
Har nettopp bestilt masse kjekke stoff frå sydilla og stoff og stil som skal bli til mykje fint.

Uglegardin på badet

Svært fornægd med dagens prosjekt. Nye gardiner til badet som matchar stellematta.
Kjøpte ein rull med 5 meter på jysk. Så får me sjå kva "restane" av stoffet blir brukt til. Kansje sengtøy til gutane? No gjenstår det å sjå om mannen legg merke til noko nytt når han kjem heim. 

Strikka puter

Då er eg i mål med dei tre putene eg ville strikka. Ei svart, eig grå og ei kvit. 
Strikka i garnet soon, som er tjukt og godt. Dei liva litt opp i ein grå og kjedleg sofa.





torsdag, oktober 11, 2012

God natt på nytt rom i ny seng!

Daniel ha flytta ut av sprinkelsenga og opp i stor seng.
Var veldig gira på å "lalla" første kvelden. Og søvnen var like god i denne senga som den gamle!
Trur han var ganske stolt, ser det ikkje slik ut på bildet?
Då kan me gjera klar senga til vetle bror som kjem om 8 veke ;o)

søndag, oktober 07, 2012

Bakesøndag

I dag har dei eldste i huset bakt Nordlandskaker. Mmmmmm!
Supert å ha liggande i frysen til forskjellige anledningar ;o)
Medan deigen sto i kjøleskapet og godgjorde seg, tok me ein tur bort til Oldemor

 Oldemor har ein liten krakk som er kjekk å sitta på
No ventar me berre på kaffigjestene slik at me får prøvesmaka baksten.
GOD SØNDAG!

fredag, oktober 05, 2012

Tavle til Daniel

Daniel har flytta på nytt rom! Guten treng noko på veggane. Difor har eg laga ei tavle.  Det er ei stor korktavle som eg har trekt med vatt og stoff.
Den kan vera blank evt henga opp div. Lurer litt på om eg skal sy gardiner i samme stoff. Stoffet er det forresten Kjetil som plukka ut på "stoff og stil". Eg likte det kjempe godt!

bamsegenser og bukse i velur

No har eg fått sydd ein gensar og bukse til babyen i str 62 og ei bukse til storebror i str 92.
Litt stort, så det må nok ligga å venta ei lita stund før det kan takast i bruk. Neste prosjekt må vera noko som passar Daniel no. Kjekt å bruka det med ein gong!



 Blå velurbukse til den minste og svart til den største ;o)

fredag, september 21, 2012

Trekk til kenwood

 Har lova å laga trekk til kenwoodmaskina på Lyngmo. Så medan Daniel sov, heiv eg meg rundt. Slik vart det. Voksduk frå stoff og stil.

No e da straks arbeidshelg på meg...
GOD HELG ALLE SAMAN!

torsdag, september 20, 2012

småjusteringar må til..

 Etter litt refs frå ei tante hadde eg ikkje anna å gjera enn å spretta opp att halsen på gensaren og gjera det på skikkeleg vis ;o) Så slik vart den då. No vart eg fornøgd sjølv og! Greit å ha ei tanta i nøden å ringa til for hjelp og veiledning ;o)
Så har eg sydd ei bukse i str 92, mønster fra "barn igjen"
Har fått gjennomgå sprettekniven denne og ;o)
Men eg er storvegs fornøgd med resultatet!

mandag, september 17, 2012

Gensar til Daniel

Har hatt så lyst å sy barneklær, og no er eg i gang. 
Første prosjekt var gensar
 Mønster: Stoff og stil, gensar str 3 år (EASY)
                                                      Stoff: monstertruck frå sydilla :o)

ferdig gensar 
Det er ei utfordring å finna mønster i rett str. Er det nokon som kan tipsa meg om ein gensar i str Daniel = 1,5 år. ???

søndag, september 16, 2012

Fletta pute i svart. Oppskrift frå sandnes sitt julehefte (ikkje det nyaste) Garnet eg skulle ha var gått ut (Fiesta) men fann eit tilsvarande som heiter SOON som inneheld 60 % bomull og 40% akryl. Strikka med pinne 5. Planen er at puta skal få selsakp i ei grå og ei kvit pute. Gjorde seg i den ellers kjedlege sofaen vår.