torsdag, august 19, 2010

Sommar på Bømlo!


Her er den nydelege jenta som me er tante og onkel til!
15.august vart ho døypt i Salem i Bergen, og me fekk vera fadrar!
Ved sidan av er bilete av dei stolte foreldra Ann-Helen og Ole Martin!
Me hadde ein flott dåpsfest i heimen med rømmegraut m/masse godt tilbehør og kaker!

Stolte fadrar!


Me fekk ein flott dag på sjøen saman med Ann-Helen og Ole Martin!
Fisk fekk me òg! Kjetil fekk den største som var ein lyr. Den vart straks til fiskekaker då me kom heim til svigermor ;o)


Ser ut som nokon har fått fisk ;o)


Kjekt å få vera nesten to veker saman med Maren i sommar!

søndag, juli 25, 2010

Biltur til Aurland

I dag har me vore på køyretur over fjellet frå Lærdal til Aurland. Svigers kom frå ferie og plukka oss opp i Lærdal. Det var ein flott tur over eit spesielt fjellandskap.

Me stoppa på utsiktsplassen der me såg utover Aurland og Aurlandsfjorden. Me fortsatte med påspandert middag på kafe i Aurland og avslutta med is på rasten i Håbakken.

torsdag, juli 22, 2010

Den store bakedagen!

Ska lova deg at kenwoodn og bakarovnen ikkje fekk stao i ro dinna dagen. Eg og søstao hadde nåken goe tima pao kjøken ;o) Me bjynte me pirogera (calzone), Bente fortsette med Orio-kaka og til slutt laga me dei fantastisk goe knekkebrøda (bestilt av svoger Jan Olav)



Me fekk til og med ein kaffigjest (Gunnhild) som godkjende bakverka.



Og her er dei populære knekkebrøda!

lørdag, juli 10, 2010

Ferske reker!


Kos med ferske reker!!

tirsdag, juli 06, 2010

Orkidè

Kjøpte desse søte mini orkidèane på Plantasjen i dag!



Her e ein skjønning til ;o)

Og ein til som er trufast og trivst godt i heimen!


Og ein som eg lurer på har gitt opp..

mandag, juli 05, 2010

Marmorkake



Oppskrifta fann eg på matprat.no ;o)

torsdag, juni 24, 2010

Spisebrikke


Har hatt stort prosjekt i 3. etg i dag. Ferdig å tapetisere gjesterommet, ommøblert og vaska! Er så fornøgd! Den første gjesten skal sove der i natt ;o) Det gamle gjesterommet er blitt til sy-rom/hobbyrom! No slepp eg å pakke ned symaskina for kvar gong eg set meg ned ;o) Brikka på biletet har eg laga lukkekant på i kveld. Den er fix ferdig og er kommen på bordet! (NB! I 2.etg er det blitt laga knekkebrød og i 1.etg er det vaska klær ;o)

torsdag, juni 10, 2010

Heimelaga knekkebrød


Oppskrift på heimelaga super sunne knekkebrød ;o)
2 dl Havrekli
2 dl Kruskakli
2 dl Havregryn
2 dl Sammalt hvete grov
2 dl Linfrø
2 dl Sesamfrø
2 dl Solsikkefrø
2 ts salt
7 dl vann
Framgangsmåte: Ta alle ingrediensane i ein bolle og rør saman. Røra skal vera klissete. Fordel røra på to langpanne steikebrett. Trykk ut røra og bruk ein pizzaskjærer til å forma knekkebrøda. Strø over ønska topping som f.eks sesamfrø, solsikkefrø osv. Steikast på varmluft først i 45 min på 180 ºC . Deretter turkast på 100 ºC i 30 min med ovnsdøra på gløtt. Når dei er ferdigsteikt knekk du dei opp og legg dei på rist. Greit at dei vert kalde før dei vert oppbevart i plast/brødpose.

lørdag, juni 05, 2010

Endeleg sommar i Lyngmo 10!


Rakk akkurat å planta litt blomster før arbeidshelga tok til ;o) Så slik ser det ut ved inngangsdøra vår no. Kom og sjå då vel!!! ;o)

onsdag, juni 02, 2010

Utsikt frå tomta vår på Bømlo (Ådnanes)

-Har me lyst å bu her, eventuelt når...?
-Innspel mottas med takk :o)












mandag, mai 31, 2010

Vognteppe til Maren

Vårt kjære tante/onkel barn kom til verda 23. mai. Medan me venta på ho vart dette lappeteppet til. Me fekk besøka ho i går, og det var stas! Ho er ei nydeleg jente!


fredag, mai 28, 2010

Nedvask av hytta!



Onsdag 26.mai var eg og mamma på Anestølen og vaska hytta. Medan me dreiv på kom første buføringsfylgje (J.O Selseng) No er det nesten klart til å flytta inn for sommaren :o) Geitene skal fram om ca ei veke.

Til å putte ting i...igjen:o)


lørdag, mai 22, 2010

Sirkelpung med hundemotiv


Då har eg laga endå eit etui. Denne gongen med hundemotiv. Tenkte ei hundeglad jente skulle få dette. Så får me sjå kva ho vil bruke det til ;o)

torsdag, mai 20, 2010

Spisebrikke


Inspirert av AnnAka "Grønne blomster". Men har ikkje fulgt oppskrifta slavisk.